Ordtaka 24:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Med klok leiing ¬kan du føra krig;når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger.

7. Visdom heng høgt for dåren,i rådet opnar han ikkje ¬sin munn.

8. Den som legg vonde planar,vert kalla ein renkesmed.

9. Det dåren finn på, er synd,og spottaren er ¬ein styggedom for folk.

10. Misser du motet ¬på trengselsdagen,då har du liten styrke.

11. Berga dei ¬som dei hentar til døden,hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden.

12. Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje»,skjønar han det likevel,han som prøver hjarto.Han som vaktar deg, veit detog løner kvar mann ¬etter hans gjerning.

Ordtaka 24