Ordtaka 24:22-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. for brått er ulukka over dei.Kven veit når øydelegging ¬kjem frå dei begge?

23. Desse ordtøka er òg ¬av vismenn.Det er ille når ein domar ¬gjer skil på folk.

24. Seier nokon til ein skuldig: ¬«Du har rett»,så vil menneske forbanna hanog folkeslag ynskja vondt ¬over han.

25. Men dei som dømer rett, ¬går det vel,lukke og velsigning ¬kjem over dei.

26. Å gje greie svarer som å gje kyss på lippa.

27. Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.

28. Ver ikkje utan grunnvitne mot nesten din!Du vil vel ikkje svika ¬med lippene dine?

29. Sei ikkje: ¬«Som han har gjort ¬med meg,så vil eg gjera med han;eg vil løna mannen ¬etter hans gjerning.»

30. Eg gjekk framom ¬ein lat manns mark,langs vingarden ¬åt ein tankelaus mann.

31. Sjå, der var det fullt av nesler,grunnen var overgrodd ¬med ugras,og steingarden kringom ¬var nedriven.

32. Eg såg det ¬og beit meg merke i det,eg tok lærdom av dette synet.

Ordtaka 24