12. Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje»,skjønar han det likevel,han som prøver hjarto.Han som vaktar deg, veit detog løner kvar mann ¬etter hans gjerning.
13. Et honning, son min, ¬for den er god,den fine honningen ¬er søt for din gane.
14. Og vit at så er det òg ¬med visdom for sjela.Finn du den, ¬så har du ei framtid,di von er ikkje ute.
15. Ligg ikkje og lur, ¬du gudlause,på rettferdig manns bustad,og legg ikkje heimen hans ¬i øyde!
16. Sju gonger ¬kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei gudlause stuper ¬når ulukka kjem.
17. Gled deg ikkje ¬når din fiende fell,fegnast ikkje når han stuper.
18. Elles vil Herren sjå det ¬med mishagog venda vreiden sin frå han.
19. Harmast ikkje ¬på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei gudlause!
20. For dei vonde ¬har inga framtid,lampa åt dei gudlause sloknar.
21. Ha age for Herren ¬og for kongen, son!Slå ikkje lag med opprørarar,