8. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,dine venlege ord er spilt møde.
9. Du skal ikkje tala til ein dåre,for han vanvørder ¬dine kloke ord.
10. Flytt ikkje gamle merkesteinar,og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!
11. For deira løysingsmann ¬er sterk,han skal føra saka ¬dei har med deg.
12. Ver viljug ¬til å høyra på formaning,og lyd på kloke ord!
13. Lat ikkje guten vera utan tukt!Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.
14. For når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.
15. Son min, har du visdom ¬i hjarta,vert eg òg inderleg glad.
16. Det jublar inni megnår du talar det som er rett.