5. Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte;brått har han fått seg vengerog flyg til vers som ei ørn.
6. Et ikkje brød ¬hjå den som misunner,ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!
7. For han er ein mann ¬med baktankar.Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,»men hjarta hans ¬er ikkje med deg.
8. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,dine venlege ord er spilt møde.
9. Du skal ikkje tala til ein dåre,for han vanvørder ¬dine kloke ord.
10. Flytt ikkje gamle merkesteinar,og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!
11. For deira løysingsmann ¬er sterk,han skal føra saka ¬dei har med deg.
12. Ver viljug ¬til å høyra på formaning,og lyd på kloke ord!
13. Lat ikkje guten vera utan tukt!Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.