24. Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla,den som får ein klok son, ¬vert glad.
25. Ver til glede ¬for far din og mor di,lat ho som fødde deg, ¬fegnast.
26. Son min, gjev meg hjarta ditt,bruk augo og akta ¬på mine vegar!
27. Ei skjøkje er som ei djup grav,ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.
28. Ja, ho ligg på lur som ein røvar,og aukar talet ¬på trulause menn.
29. Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve,kven har strid, ¬og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve augo?
30. Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk,dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.
31. Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er,kor fint han blenkjer i staupet,og kor lett han renn ned.
32. Sistpå bit han som ein slangeog høgg som ein hoggorm.