Ordtaka 23:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar,mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.

21. For den som et og drikk, ¬vert fattig,og rusen kler folk i filler.

22. Høyr på far din, ¬som gav deg livet,og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!

23. Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje,kjøp visdom og tukt og vit!

24. Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla,den som får ein klok son, ¬vert glad.

25. Ver til glede ¬for far din og mor di,lat ho som fødde deg, ¬fegnast.

26. Son min, gjev meg hjarta ditt,bruk augo og akta ¬på mine vegar!

27. Ei skjøkje er som ei djup grav,ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.

28. Ja, ho ligg på lur som ein røvar,og aukar talet ¬på trulause menn.

29. Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve,kven har strid, ¬og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve augo?

30. Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk,dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.

31. Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er,kor fint han blenkjer i staupet,og kor lett han renn ned.

Ordtaka 23