Ordtaka 23:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Lat ikkje guten vera utan tukt!Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.

14. For når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

15. Son min, har du visdom ¬i hjarta,vert eg òg inderleg glad.

16. Det jublar inni megnår du talar det som er rett.

17. Ver ikkje arg på syndarar,men streva alltid ¬etter gudsfrykt!

18. Gjer du det, ¬har du ei framtid,og di von er ikkje ute.

19. Høyr no, son min, og vert vis,styr dine tankar ¬den rette vegen!

20. Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar,mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.

Ordtaka 23