Ordtaka 23:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når du sit til bords ¬med ein mektig mann,så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,

2. og set ein kniv på strupen dinom mathugen er for stor.

3. Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter,for det kan vera svikefull kost.

4. Streva ikkje etter å verta riknår du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.

5. Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte;brått har han fått seg vengerog flyg til vers som ei ørn.

6. Et ikkje brød ¬hjå den som misunner,ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!

7. For han er ein mann ¬med baktankar.Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,»men hjarta hans ¬er ikkje med deg.

8. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,dine venlege ord er spilt møde.

9. Du skal ikkje tala til ein dåre,for han vanvørder ¬dine kloke ord.

10. Flytt ikkje gamle merkesteinar,og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!

Ordtaka 23