Ordtaka 21:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar,men den reine fer ærleg fram.

9. Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

10. Den gudlause har hug ¬til det vonde,hans neste finn ingen velvilje ¬hjå han.

11. Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok,og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg.

12. Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus,han støyter dei vonde ¬ut i ulukke.

13. Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik,skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar.

14. Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide,det ein får i fanget, ¬stiller stor harme.

15. For den rettferdige ¬er det ei gledeå gjera det rette,men for ugjerningsmannen ¬er det ei gru.

16. Den som villar seg bort ¬frå klokskaps veg,han hamnar ¬mellom daudingar.

17. Den som likar moro, ¬må sakna mangt,den som elskar vin og olje, ¬vert aldri rik.

18. Den gudlause vert gjeventil løysepengar ¬for den rettferdige,og svikaren kjem ¬i staden for den ærlege.

19. Betre å bu i eit øyde landenn hjå arg ¬og trettekjær kvinne.

20. Der dei vise bur, ¬er det dyre skattar og olje,men dåren øyder det opp.

21. Den som jagar etter rett ¬og truskap,finn liv og rettferd og ære.

Ordtaka 21