Ordtaka 21:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. At folk gjer rett og skil,er meir verdt for Herren ¬enn offer.

4. Stolte augo ¬og hovmodig hjarta,ljoset åt dei gudlause, er synd.

5. Det den annsame tek seg føre, ¬gjev vinning,men hastverk fører berre til tap.

6. Den rikdom ein vinn ¬med lygn,er ein kvervande pust,og han fører til døden.

7. Dei vonde vert bortrivne ¬av si eiga valdsferd,for dei vil ikkje gjera ¬det som er rett.

8. Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar,men den reine fer ærleg fram.

Ordtaka 21