Ordtaka 21:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Den som jagar etter rett ¬og truskap,finn liv og rettferd og ære.

22. Ein klok mann kan storma ¬ein by full av kjemperog bryta det vernet ¬dei sette si lit til.

23. Den som aktar sin munn ¬og si tunge,bergar sitt liv ¬frå naud og trengsle.

24. Den stolte og kaute ¬kallar dei spottar;han er skamlaus og frekk ¬i si framferd.

25. Det den late ynskjer, ¬fører til døden,for han vil ikkje arbeida ¬med sine hender.

26. Heile dagen går han ¬med lyst og trå,den rettvise gjev ¬og er ikkje knuslet.

27. Ein styggedom er det ¬når dei gudlause ofrar,serleg når dei gjer det ¬med vondt i tankar.

28. Det falske vitnet fell igjennom,men det truverdige vitnet ¬vert alltid høyrt.

29. Den gudlause går der ¬med frekk mine,den ærlege er fast og stø ¬i si ferd.

30. Det finst ikkje visdom og skjønog ingen plan ¬som hjelper mot Herren.

31. Hesten vert budd ¬til stridens dag,men det er Herren ¬som gjev siger.

Ordtaka 21