11. Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok,og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg.
12. Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus,han støyter dei vonde ¬ut i ulukke.
13. Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik,skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar.
14. Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide,det ein får i fanget, ¬stiller stor harme.
15. For den rettferdige ¬er det ei gledeå gjera det rette,men for ugjerningsmannen ¬er det ei gru.
16. Den som villar seg bort ¬frå klokskaps veg,han hamnar ¬mellom daudingar.