Ordtaka 20:25-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Det er farleg ¬å lova ei heilag gåveog fyrst sidan tenkja seg om.

26. Den vise kongen ¬skil ut dei gudlauseog lèt hjulet rulla over dei.

27. Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe,ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28. Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen,han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29. Styrke er ein prydnad ¬for ungdom,og grått hår ei ære ¬for den gamle.

30. Flengjer og slag ¬som sårar den vonde,reinsar hans hjartekammer.

Ordtaka 20