Ordtaka 20:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Vinen er ein spottar,den sterke drikk ¬ein bråkmakar,ingen som ragar av dei, er vis.

2. Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl,den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.

3. Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen,men kvar dåre yppar strid.

4. Den late vil ikkje pløya ¬om hausten,i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.

5. Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta,den som har vit, ¬kan ausa av dei.

6. Mange ropar ¬om sin eigen truskap,men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

Ordtaka 20