2. Ein mann kan synast ¬at hans ferd er rein,men Herren prøver ¬menneskeånda.
3. Lat Herren ta seg av ¬alt ditt verk,så skal planane dine lukkast.
4. Alt det Herren har skapt, ¬har eit føremål,gudløysings lagnad ¬er ulukkedagen.
5. Kvar hovmodig mann ¬er ein styggedom for Herren.Ver trygg, ¬han slepp ikkje straff!
6. Med miskunn og truskap ¬vert synda sona,den som har age for Herren, ¬held seg frå det vonde.
7. Har Herren hugnad ¬i ein manns ferd,lèt han jamvel hans fiendar ¬halda fred med han.
8. Betre er lite med rettferdenn stor vinning med urett.
9. I hjarta tenkjer mannen ¬ut si ferd,men Herren styrer hans steg.
10. Det er kongens ord ¬som avgjer ei sak,han tek ikkje feil ¬når han dømer.
11. Rett vekt og vektskål ¬krev Herren,og alle vektlodd vedkjem han.
12. Nidingsdåd ¬er ein styggedom for kongar,rettferd tryggjer trona.
13. Kongen likar rettferdige ¬lipper,han elskar den som talar rett.
14. Kongens harme ¬ber bod om død,men ein vismann ¬kan stilla harmen.
15. Når kongens andlet lyser, ¬er livet berga.Hans velvilje ¬er som ei sky med vårregn.
16. Å vinna visdom ¬er betre enn gull,å få vit er meir verdt enn sølv.
17. Den kongsveg dei ærlege går, ¬er å vika frå det vonde,den som aktar på si ferd, ¬tek vare på livet.
18. Stormod fører til undergang,hovmod står for fall.
19. Betre å vera audmjuk ¬med armingarenn å dela hærfang ¬med dei stolte.