Ordtaka 15:20-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Ein klok son ¬er til glede for far sin,ein dum mann ¬vanvørder mor si.

21. Den tankelause ¬har glede av dårskap,den vituge går beint fram.

22. Utan rådlegging ¬mislukkast planane,men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.

23. Mannen gled seg ¬når munnen kan svara.Kor godt med eit ord i rette tid!

24. For den kloke ¬fører livsvegen oppover,og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.

25. Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige,enkjer lèt han få ha si jord.

26. Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren,men milde ord er reine.

27. Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr,men den som hatar muter, ¬får leva.

28. Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar,men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.

Ordtaka 15