Ordtaka 15:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eit mildt svar ¬døyver sinne,sårande ord vekkjer vreide.

2. Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap,men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.

3. Herrens augo er alle stader,dei vaker over vonde ¬og gode.

4. Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.

5. Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,klok er den ¬som aktar på refsing.

Ordtaka 15