1. Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin,men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn.
2. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,dei trulause trår etter vald.
3. Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet,den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv.
4. Den late vil ha, ¬men får ikkje noko,den annsame får ¬det han ynskjer seg.
5. Den rettvise hatar usann tale,den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt.
6. Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd,men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.
7. Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.
8. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.
9. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.
10. Hovmod fører berre til trette,kloke er dei som tek imot råd.
11. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.
12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.
13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.
14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.
15. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,men svikarars veg ¬fører til ulukke.
16. Den som er klok, ¬fer fram med vit,men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.
17. Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke,med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.
18. Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt,men ære får den ¬som aktar på refsing.