Ordtaka 12:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort,men husa åt dei rettferdige ¬står støtt.

8. Ein mann får ros ¬når han er klok,den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad.

9. Betre å arbeida ¬for sitt brød utan æreenn å spela storkar ¬og vanta mat.

10. Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin,men dei gudlause ¬er harde i hugen.

11. Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett,tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting.

12. Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn,men dei rettferdige har fast rot.

13. Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut ¬or nauda.

14. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,eit menneske får att ¬for det det har gjort.

15. Dåren held sin eigen veg ¬for den rette,men vis er den ¬som høyrer på råd.

16. Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen,klok er den som teier ¬når han vert krenkt.

17. Den som seier sanninga, ¬talar rett,falske vitne fer med svik.

18. Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom ¬på tunga.

19. Den som talar sant, ¬står seg for alltid,men lygnaren ¬berre ei lita stund.

Ordtaka 12