3. Med vondskap ¬står ingen støtt,men rota åt dei rettferdige ¬kan ingen rikka.
4. Dugande kone ¬er ei krone for mannen,duglaus kvinne ¬er som verk i hans bein.
5. Dei rettferdige tenkjer ¬på det som er rett,dei vonde ¬legg svikefulle planar.
6. Det dei gudlause talar, ¬er eit livsfarleg bakhald,dei ærlege vert berga ¬med det dei seier.
7. Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort,men husa åt dei rettferdige ¬står støtt.
8. Ein mann får ros ¬når han er klok,den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad.
9. Betre å arbeida ¬for sitt brød utan æreenn å spela storkar ¬og vanta mat.
10. Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin,men dei gudlause ¬er harde i hugen.
11. Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett,tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting.
12. Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn,men dei rettferdige har fast rot.
13. Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut ¬or nauda.
14. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,eit menneske får att ¬for det det har gjort.
15. Dåren held sin eigen veg ¬for den rette,men vis er den ¬som høyrer på råd.
16. Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen,klok er den som teier ¬når han vert krenkt.