18. Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom ¬på tunga.
19. Den som talar sant, ¬står seg for alltid,men lygnaren ¬berre ei lita stund.
20. Dei som emnar på vondt, ¬har svik i hjarta,men glede får dei ¬som rår til fred.
21. Dei rettvise ¬kjem ikkje ut for noko vondt,men dei gudlause ¬ber ulukka i seg.
22. Herren styggjest ved den ¬som har lygn på lippene,men har godhug for dei ¬som fer ærleg fram.
23. Ein klok mann døl det han veit,dåren ropar ut sin dårskap.
24. Den som er strevsam ¬med handa, får styra,men latskap gjer mannen ¬til træl.
25. Sorg og sut ¬gjer mannen tung om hjarta,men gode ord gjer han glad.
26. Den rettferdige rettleier ¬sin neste,men vegen dei gudlause går, ¬fører vilt.
27. Den late får ikkje tak i sitt vilt,men dyr er skatten ¬den annsame får.
28. På rettferds stig er livet å finna,den vegen fører ikkje ¬til døden.