Ordtaka 12:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dåren held sin eigen veg ¬for den rette,men vis er den ¬som høyrer på råd.

16. Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen,klok er den som teier ¬når han vert krenkt.

17. Den som seier sanninga, ¬talar rett,falske vitne fer med svik.

18. Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom ¬på tunga.

19. Den som talar sant, ¬står seg for alltid,men lygnaren ¬berre ei lita stund.

20. Dei som emnar på vondt, ¬har svik i hjarta,men glede får dei ¬som rår til fred.

21. Dei rettvise ¬kjem ikkje ut for noko vondt,men dei gudlause ¬ber ulukka i seg.

22. Herren styggjest ved den ¬som har lygn på lippene,men har godhug for dei ¬som fer ærleg fram.

23. Ein klok mann døl det han veit,dåren ropar ut sin dårskap.

Ordtaka 12