Ordtaka 11:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd,svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst.

7. Når den gudlause døyr, ¬er vona ute,dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente.

8. Den rettferdige vert berga ¬or trengsle,men den gudlause kjem ¬i naud.

9. Den gudlause skader ¬sin neste med munnen,dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn.

10. Går det godt for dei rettvise, ¬jublar byen,går dei vonde til grunne, ¬er gleda stor.

11. Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp,talen åt dei gudlause ¬legg han i røys.

Ordtaka 11