Ordtaka 11:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke,dei vonde har vreidedomen ¬i vente.

24. Éin strøyer ut ¬og får likevel meir,ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.

25. Den som spreier velsigning, ¬trivst,den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.

26. Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket,men velsigning kjem ¬over den som vil selja.

27. Den som strevar etter ¬det gode,søkjer det Herren synest om.Men den som legg vinn ¬på det vonde,han får det over seg sjølv.

28. Den som lit på sin rikdom, fell,dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett.

Ordtaka 11