Ordtaka 11:20-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik,men godhug for den ¬som er heil i si ferd.

21. Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff,men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.

22. Som ein gullring ¬i eit grisetryneer ei fager kvinne utan vit.

23. Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke,dei vonde har vreidedomen ¬i vente.

24. Éin strøyer ut ¬og får likevel meir,ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.

25. Den som spreier velsigning, ¬trivst,den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.

26. Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket,men velsigning kjem ¬over den som vil selja.

Ordtaka 11