14. Eit folk utan klokt styre fell,når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast.
15. Den som borgar ¬for ein framand,får svi for det,den som nektar å gje handslag, ¬er trygg.
16. Ei elskeleg kvinne vinn ære,dei strevsame ¬samlar seg rikdom.
17. Den som er velviljug, ¬har gagn av det,den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.
18. Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn,den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.
19. Strev etter rettferd gjev liv,jag etter vondskap ¬fører til døden.
20. Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik,men godhug for den ¬som er heil i si ferd.
21. Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff,men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.
22. Som ein gullring ¬i eit grisetryneer ei fager kvinne utan vit.
23. Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke,dei vonde har vreidedomen ¬i vente.
24. Éin strøyer ut ¬og får likevel meir,ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.
25. Den som spreier velsigning, ¬trivst,den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.
26. Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket,men velsigning kjem ¬over den som vil selja.
27. Den som strevar etter ¬det gode,søkjer det Herren synest om.Men den som legg vinn ¬på det vonde,han får det over seg sjølv.
28. Den som lit på sin rikdom, fell,dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett.
29. Den som ikkje steller sitt hus, ¬haustar vind,dåren må træla ¬for den som er vis.
30. Rettferds frukt ¬er som livsens tre,men valdsferd gjer ende på liv.
31. Når ein rettferdig mann ¬får si løn på jorda,kor mykje meir då ein niding ¬og syndar!