11. Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp,talen åt dei gudlause ¬legg han i røys.
12. Tankelaus er den ¬som vanvørder sin neste,ein vitug mann teier stilt.
13. Den som baktalar, ¬spreier løyndomar,ein påliteleg mann ¬held saka for seg sjølv.
14. Eit folk utan klokt styre fell,når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast.
15. Den som borgar ¬for ein framand,får svi for det,den som nektar å gje handslag, ¬er trygg.
16. Ei elskeleg kvinne vinn ære,dei strevsame ¬samlar seg rikdom.
17. Den som er velviljug, ¬har gagn av det,den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.
18. Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn,den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.
19. Strev etter rettferd gjev liv,jag etter vondskap ¬fører til døden.
20. Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik,men godhug for den ¬som er heil i si ferd.