1. Falsk vekt er ein ¬styggedom for Herren,men han gleder seg ¬over fullvektige lodd.
2. Med hovmod fylgjer skam,men dei audmjuke har visdom.
3. Dei ærlege ¬har si rettvise til førar,men uærlegdom ¬gjer ende på svikarane.
4. Gods gagnar ikkje ¬på vreidedagen,men rettferd bergar frå døden.
5. Rettferd jamnar vegen ¬for ein heidersmann,den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap.
6. Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd,svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst.
7. Når den gudlause døyr, ¬er vona ute,dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente.
8. Den rettferdige vert berga ¬or trengsle,men den gudlause kjem ¬i naud.
9. Den gudlause skader ¬sin neste med munnen,dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn.