3. Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,du som bur i bergrivnerog har ditt tilhald i høgdene,du som tenkjer med deg sjølv:Kven kan støyta meg til jorda?
4. Om du byggjer høgt som ørna,ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,så vil eg støyta deg ned derifrå,lyder ordet frå Herren.
5. Om det kom tjuvar til degeller røvarar om natta– å, kor du vert herja –ville dei då stela meir ¬enn dei trong?Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.
6. Å, kor dei har ransaka Esau,leita opp hans løynde skattar!
7. Dei du var i pakt med,driv deg heilt til grensa.Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg;dei har fått overtaket på deg.Dei som åt av ditt brød,har sett snarer for deg og seier:«Det finst ikkje vit i han.»
8. Den dagen vil eg sannelegrydja ut dei vise or Edomog dei kloke frå Esaus fjell,lyder ordet frå Herren.
9. Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle,kvar einaste mann skal drepastog rydjast bort frå Esaus fjell.