Obadja 1:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Du skulle ikkje ha trengt inni porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.Du skulle slett ikkje ¬ha gledt degover det dei leid den dagen,og ikkje rett handa utetter rikdomen deiraden usæle dagen.

14. Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskilaog hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna,og ikkje gjeve i fiendehanddei som slapp frå detden dagen folket var i naud.

15. For Herrens dag er nærover alle folkeslag;som du har gjort,skal det gjerast med deg.Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.

16. Som de drakk ¬på mitt heilage fjell,skal kvart folkeslag ¬alltid drikka.Dei skal drikka i fulle dragog verta som om ¬dei aldri hadde vore til.

17. Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til,dei som har sloppe unna,og det skal vera ein heilagdom.Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom.

18. Jakobs ætt skal verta ein eldog Josefs ætt ein loge.Men Esaus ætt ¬skal verta til halm,som vert sett i brann og øydd.Av Esaus ætt vert ingen att.Herren har tala.

19. Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.

20. Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.

21. Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.

Obadja 1