Obadja 1:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Den dagen du heldt deg borte,den dagen framande ¬røva hans gods,då utlendingar gjekk inn ¬i hans portog kasta lodd om Jerusalem,då var du òg som ein av dei.

12. Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror dindå ulukka råka han,ikkje gledt deg over judearaneden dagen dei gjekk til grunne,og ikkje bruka så store ordden tid dei var i naud.

13. Du skulle ikkje ha trengt inni porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.Du skulle slett ikkje ¬ha gledt degover det dei leid den dagen,og ikkje rett handa utetter rikdomen deiraden usæle dagen.

14. Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskilaog hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna,og ikkje gjeve i fiendehanddei som slapp frå detden dagen folket var i naud.

15. For Herrens dag er nærover alle folkeslag;som du har gjort,skal det gjerast med deg.Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.

16. Som de drakk ¬på mitt heilage fjell,skal kvart folkeslag ¬alltid drikka.Dei skal drikka i fulle dragog verta som om ¬dei aldri hadde vore til.

Obadja 1