Nehemja 9:35-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Endå dei fekk bu i sitt eige rike,og du hadde unnt dei ¬så mykje godti det vide og grøderike landetsom du hadde gjeve dei,så tente dei deg ikkjeog vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd.

36. Difor er vi trælar i dag;vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar,så dei skulle nyta ¬landsens frukterog alt det gode som finst der.

37. Den rike grøda i landetgår no til dei konganesom du har sett over ossfor våre synder skuld.Dei råder etter eige tykkeover oss og feet vårt.Vi er i stor naud.

38. Etter alt dette gjer vi ein bindande avtale og skriv han opp. Vi set segl på skrivet, og stormennene, levittane og prestane våre skriv under.

Nehemja 9