Nehemja 9:28-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Men så snart dei hadde fått ro,gjorde dei atterdet som vondt var i dine augo.Og du gav dei over til fiendar,som heldt dei i trældom.Men når dei på nytt ropa til deg,høyrde du det frå himmelenog berga dei gong på gongi di store miskunn.

29. Du åtvara folket;for du ville føra deiattende til di lov.Men dei var hovmodigeog lydde ikkje dine bod.Dei synda mot dine lover,som gjev mennesket livnår det held dei.Dei vende ryggen til i trass;stridlyndte var dei ¬og ville ikkje høyra.

30. I mange år bar du over med dei;du åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men då dei ikkje ville høyra,gav du dei over ¬til framande folk.

31. Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du sleppte dei ikkje.For du er ein mild ¬og nådig Gud.

Nehemja 9