Nehemja 7:4-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde.

5. Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive:

6. Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.

7. Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Ra’amja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba’ana.Dette er talet på Israels-mennene:

8. Av Parosj-ætta 2 172,

9. av Sjefatja-ætta 372,

10. av Arak-ætta 652,

11. av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 818,

12. av Elam-ætta 1 254,

13. av Sattu-ætta 845,

14. av Sakkai-ætta 760,

Nehemja 7