2. Til å stå for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen. For han var ein påliteleg mann og ottast Gud meir enn dei fleste.
3. Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola står høgt på himmelen; og før sola glader, skal dørene stengjast og låsast. De skal ta nokre av Jerusalems-buane og setja dei til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
4. Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde.
5. Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive:
6. Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.
7. Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Ra’amja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba’ana.Dette er talet på Israels-mennene:
8. Av Parosj-ætta 2 172,
9. av Sjefatja-ætta 372,
10. av Arak-ætta 652,
11. av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 818,
12. av Elam-ætta 1 254,
13. av Sattu-ætta 845,
14. av Sakkai-ætta 760,
15. av Binnui-ætta 648,
16. av Bebai-ætta 628,
17. av Asgad-ætta 2 322,
18. av Adonikam-ætta 667,