2. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg og bad meg koma til eit møte med dei i Hakkefirim i Ono-dalen. Men dei tenkte berre på å skada meg.
3. Eg sende nokre menn til dei og svara: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stogga dersom eg gjekk frå det og drog ned til dykk.»
4. Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong gav eg same svaret.
5. Femte gongen sende Sanballat meg eit liknande bod. Men no hadde tenaren hans eit ope brev med seg.
6. Der stod det skrive: «Det går ord mellom folka, og Gesjem stadfester det, at du og jødane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer opp att muren. Det seiest at du vil verta kongen deira.
7. Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Judea. Dette får nok kongen snart høyra. Så kom då og lat oss samrådast!»
8. Men eg sende dette svaret til Sanballat: «Det har ikkje hendt noko slikt som det du talar om. Det er noko du har funne på sjølv.»