Nehemja 6:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg og bad meg koma til eit møte med dei i Hakkefirim i Ono-dalen. Men dei tenkte berre på å skada meg.

3. Eg sende nokre menn til dei og svara: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stogga dersom eg gjekk frå det og drog ned til dykk.»

4. Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong gav eg same svaret.

5. Femte gongen sende Sanballat meg eit liknande bod. Men no hadde tenaren hans eit ope brev med seg.

6. Der stod det skrive: «Det går ord mellom folka, og Gesjem stadfester det, at du og jødane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer opp att muren. Det seiest at du vil verta kongen deira.

7. Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Judea. Dette får nok kongen snart høyra. Så kom då og lat oss samrådast!»

8. Men eg sende dette svaret til Sanballat: «Det har ikkje hendt noko slikt som det du talar om. Det er noko du har funne på sjølv.»

9. For dei la seg alle ut om å skræma oss. Dei tenkte at vi då ville verta trøytte og halda opp med arbeidet, så det ikkje vart fullført. Men eg heldt ihuga fram med arbeidet.

10. Ein dag kom eg til Sjemaja, son til Delaja og soneson til Mehetabel; for han måtte halda seg heime i huset sitt. Då sa han: «Lat oss gå saman til Guds hus, inn i tempelhalla, og lat oss stengja dørene der! For dei kjem og vil drepa deg; i denne natt kjem dei og vil drepa deg.»

11. Men eg svara: «Skulle ein mann som eg røma? Og korleis kunne ein mann som eg gå inn i templet utan å missa livet? Nei, eg går ikkje dit.»

12. For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han bar fram denne spådomen om meg fordi Tobia og Sanballat hadde leigt han til det.

Nehemja 6