Nehemja 6:14-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Min Gud, kom i hug kva Tobia og Sanballat har gjort, og at profetkvinna Noadja og dei andre profetane la seg ut om å skræma meg.

15. Femtito dagar etter at vi tok til med arbeidet, stod muren ferdig, den tjuefemte dagen i elul månad.

16. Då alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folka som budde ikring oss, fekk sjå det, då seig dei mykje i eigen vørdnad, og dei skjøna at arbeidet var gjort med hjelp frå vår Gud.

17. På den tid skreiv òg stormennene i Judea ei mengd med brev som gjekk til Tobia, og dei fekk brev att frå han.

Nehemja 6