11. Men eg svara: «Skulle ein mann som eg røma? Og korleis kunne ein mann som eg gå inn i templet utan å missa livet? Nei, eg går ikkje dit.»
12. For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han bar fram denne spådomen om meg fordi Tobia og Sanballat hadde leigt han til det.
13. Han hadde fått betaling for å skræma meg til å gjera som han sa, og dermed synda. Så kunne dei få sett eit uord på meg og spotta meg. –
14. Min Gud, kom i hug kva Tobia og Sanballat har gjort, og at profetkvinna Noadja og dei andre profetane la seg ut om å skræma meg.
15. Femtito dagar etter at vi tok til med arbeidet, stod muren ferdig, den tjuefemte dagen i elul månad.