Nehemja 6:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sanballat, Tobia, arabaren Gesjem og dei andre fiendane våre fekk høyra at eg hadde bygt opp att muren, og at det ikkje fanst nokon brest i han meir – berre at eg til den tid ikkje hadde sett inn dører i portane.

2. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg og bad meg koma til eit møte med dei i Hakkefirim i Ono-dalen. Men dei tenkte berre på å skada meg.

3. Eg sende nokre menn til dei og svara: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stogga dersom eg gjekk frå det og drog ned til dykk.»

4. Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong gav eg same svaret.

5. Femte gongen sende Sanballat meg eit liknande bod. Men no hadde tenaren hans eit ope brev med seg.

6. Der stod det skrive: «Det går ord mellom folka, og Gesjem stadfester det, at du og jødane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer opp att muren. Det seiest at du vil verta kongen deira.

Nehemja 6