Nehemja 3:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Oskeporten vart vølt av Malkia, son til Rekab, hovdingen over Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med lås og slå.

15. Kjeldeporten vart vølt av Sjallun, son til Kol-Hose, hovdingen over Mispa-området. Han bygde opp att porten, la tak på han og sette inn dører med lås og slå. Han vølte òg muren frammed Sjelah-dammen ved kongshagen heilt bort til den troppa som går ned frå Davids-byen.

16. Bortanfor han arbeidde Nehemja, son til Asbuk, hovdingen over den eine halvparten av Bet-Sur-området. Han vølte muren ned til Davids-gravene, til den gravne dammen og til krigarhuset.

17. Lenger borte arbeidde levittane: Rehum, son til Bani, og attmed han Hasjabja, som stod for den halvparten av Ke’ila som han var hovding over.

18. Bortanfor dei arbeidde brørne deira: Bavvai, son til Henadad, hovdingen over den andre halvparten av Ke’ila-området,

19. og attmed han vølte Eser, son til Jesjua, hovdingen over Mispa, eit anna stykke, frå midt for oppgangen til våpenhuset i Kroken.

20. Etter han kom Baruk, son til Sakkai, som med stor iver vølte eit anna stykke, frå Kroken og til døra på huset åt øvstepresten Eljasjib.

Nehemja 3