Nehemja 2:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. og eg sa til kongen: «Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»

6. Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara.

7. Så sa eg til kongen: «Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea.

8. Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.» Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg.

9. Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.

10. Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane.

11. Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar.

12. Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.

Nehemja 2