Nehemja 13:17-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då tala eg stormennene i Judea til rettes og sa til dei: «Korleis kan de bera dykk så ille åt og vanhelga sabbaten?

18. Var det ikkje fordi fedrane dykkar gjorde slikt, at vår Gud førte all denne ulukka over oss og denne byen? Og no vanhelgar de sabbaten og aukar Guds vreide mot Israel.»

19. Så sa eg frå at portane i Jerusalem skulle stengjast så snart det tok til å mørkna i portroma kvelden før sabbaten, og at dei ikkje skulle opnast før sabbaten var over. Eg sette nokre av mennene mine til å halda vakt ved portane. Dei skulle sjå etter at det ikkje kom inn varer på sabbatsdagen.

20. Då hende det både ein og to gonger at kjøpmenn og folk som handla med allslags varer, gav seg til utanfor Jerusalem om natta.

21. Eg åtvara dei og sa til dei: «Kva skal det tyda at de gjev dykk til utfor muren om natta? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten.

22. Sidan bad eg levittane reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, så sabbatsdagen kunne haldast heilag. Kom meg i hug for dette òg, min Gud, og miskunna deg over meg i din store nåde!

23. På den tid såg eg òg at nokre jødar hadde gift seg med kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.

24. Halvparten av borna deira tala Asjdod-mål eller tungemålet åt eit av dei andre folka; dei kunne ikkje tala judeisk.

25. Eg tala dei til rettes og forbanna dei. Ja, somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud at dei ikkje skulle gje døtrene sine til sønene åt desse folka og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene sine eller åt seg sjølve.

26. Eg sa: «Var det ikkje på grunn av dei framande konene sine at Salomo synda, han som var Israels konge? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og det var Gud som sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene lokka han til å synda.

Nehemja 13