Nehemja 13:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Sidan kom alt folket i Judea til lagerroma med tiend av korn, druesaft og olje.

13. Eg sette presten Sjelemja og Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerroma og gav dei Hanan, son åt Sakkur Mattanjason, til hjelpesmann. For dei hadde ord for å vera pålitelege. No skulle dei syta for at brørne deira fekk sin del.

14. Kom meg i hug for dette, min Gud! Gløym ikkje alt det gode som eg har gjort for min Guds hus og tenesta der!

15. På same tid såg eg at folk i Judea trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg òg at mange samla korn og leste det på esel, og like eins vin, druer, fiken og andre varer, og førte det til Jerusalem på sabbatsdagen. Eg åtvara dei den dagen dei selde desse matvarene.

16. Nokre menn frå Tyrus som heldt til i Jerusalem, kom òg dit med fisk og allslags varer og selde det til jødane på sabbaten.

17. Då tala eg stormennene i Judea til rettes og sa til dei: «Korleis kan de bera dykk så ille åt og vanhelga sabbaten?

18. Var det ikkje fordi fedrane dykkar gjorde slikt, at vår Gud førte all denne ulukka over oss og denne byen? Og no vanhelgar de sabbaten og aukar Guds vreide mot Israel.»

19. Så sa eg frå at portane i Jerusalem skulle stengjast så snart det tok til å mørkna i portroma kvelden før sabbaten, og at dei ikkje skulle opnast før sabbaten var over. Eg sette nokre av mennene mine til å halda vakt ved portane. Dei skulle sjå etter at det ikkje kom inn varer på sabbatsdagen.

20. Då hende det både ein og to gonger at kjøpmenn og folk som handla med allslags varer, gav seg til utanfor Jerusalem om natta.

Nehemja 13