1. Same dagen vart det lese opp for folket or Moseboka. Og der fann dei skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte vera med i Guds lyd.
2. For desse folka møtte ikkje israelittane med brød og vatn. Dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning.
3. Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle framande ut or Israel.
4. Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib fått tilsyn med lagerroma i Guds hus. Han var i slekt med Tobia
5. og stelte til eit stort rom åt han, der dei før hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen og kara og tienda av korn, druesaft og olje, det som levittane, songarane og portvaktarane skulle ha etter lova, og gåvene til prestane.
6. Eg var ikkje i Jerusalem medan alt dette gjekk føre seg. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babylonia, kom eg attende til han. Men då det leid av ei tid, bad eg kongen om lov til å fara heim att.
7. Då eg så kom til Jerusalem, skjøna eg kor vondt Eljasjib hadde bore seg åt då han stelte til eit lagerrom åt Tobia i føregardane til Guds hus.
8. Eg tykte ille om det og kasta all husbunaden hans Tobia ut or romet.
9. Så sa eg frå at roma skulle reinsast, og eg sytte for at tempelkara, grødeofferet og røykjelsen kom på plass att.
10. Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde flytt ut, kvar til sin gard, både dei og songarane som skulle gjera teneste.
11. Då tala eg forstandarane til rettes og spurde kvifor Guds hus hadde vorte bannstøytt. Så kalla eg levittane saman og sette dei inn att i stillingane sine.
12. Sidan kom alt folket i Judea til lagerroma med tiend av korn, druesaft og olje.
13. Eg sette presten Sjelemja og Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerroma og gav dei Hanan, son åt Sakkur Mattanjason, til hjelpesmann. For dei hadde ord for å vera pålitelege. No skulle dei syta for at brørne deira fekk sin del.
14. Kom meg i hug for dette, min Gud! Gløym ikkje alt det gode som eg har gjort for min Guds hus og tenesta der!