Nehemja 12:26-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.

27. Då muren kring Jerusalem skulle vigslast, henta dei levittane frå alle bustadene deira og førte dei til Jerusalem. Der skulle dei halda vigsle og gledehøgtid med lovprising og song, til klangen av cymblar, harper og lyrer.

28. Så samla songarane seg i Jerusalem. Dei kom frå området kring byen, frå landsbyane åt Netofa-sønene,

29. frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet. For songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem.

30. Då prestane og levittane hadde reinsa seg sjølve og så hadde reinsa folket, portane og muren,

31. lét eg stormennene i Judea stiga opp på muren. Så stelte eg opp to store lovsongskor. Det eine gjekk til høgre nedover muren mot Oskeporten.

32. Etter dei fylgde Hosjaja og halvparten av stormennene i Judea,

33. Asarja, Esra, Mesjullam,

34. Juda, Benjamin, Sjemaja og Jeremia.

35. Så kom nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf,

36. og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda og Hanani. Dei bar dei musikkinstrumenta som gudsmannen David hadde fastsett, og Esra, den skriftlærde, gjekk føre dei.

37. Dei gjekk framom Kjeldeporten og opp troppene til Davids-byen. Så gjekk dei ned den troppa som fører til muren attmed Davids hus, og fram til Vassporten i aust.

38. Det andre koret gjekk til venstre, og eg fylgde etter med den andre halvparten av folket. Vi gjekk oppe på muren, framom Omnstårnet, bort til Den breie muren,

39. så over Efraims-porten, Gamleporten og Fiskeporten, framom Hananel-tårnet og Mea-tårnet, til Saueporten, og vart ståande ved Fengselsporten.

40. Så stelte dei to kora seg opp attmed Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av forstandarane med meg,

41. og prestane Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetane sine,

42. og så Ma’aseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Og songarane røysta i; det var Jisrakja som styrte songen.

43. Den dagen bar dei fram store offer, og dei gledde seg; for Gud hadde gjort dei storleg glade. Kvinnene og borna gledde seg òg, og jubelropa i Jerusalem høyrdest langan lei.

Nehemja 12