Nehemja 12:13-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Mesjullam for Esra-ætta, Johanan for Amarja-ætta,

14. Jonatan for Malluk-ætta, Josef for Sjebanja-ætta,

15. Adna for Harim-ætta, Helkai for Merajot-ætta,

16. Sakarja for Iddo-ætta, Mesjullam for Ginneton-ætta,

17. Sikri for Abia-ætta, for Minjamin-ætta, Piltai for Moadja-ætta,

18. Sjammua for Bilga-ætta, Jonatan for Sjemaja-ætta,

19. Mattenai for Jojarib-ætta, Ussi for Jedaja-ætta,

20. Kallai for Sallai-ætta, Eber for Amok-ætta,

21. Hasjabja for Hilkia-ætta og Netanel for Jedaja-ætta.

22. Leiarane for presteættene vart oppskrivne i Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid, heilt til styringstida åt persarkongen Dareios.

23. Leiarane for levittættene vart oppskrivne i krønikeboka fram til den tid Johanan Eljasjibsson levde.

24. Leiarane for levittane var: Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel og brørne deira som stod midt imot dei, kor mot kor, og song Guds lov og pris, så som føreskrive var av gudsmannen David.

25. Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub heldt vakt over lagerroma i portane.

26. Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.

27. Då muren kring Jerusalem skulle vigslast, henta dei levittane frå alle bustadene deira og førte dei til Jerusalem. Der skulle dei halda vigsle og gledehøgtid med lovprising og song, til klangen av cymblar, harper og lyrer.

28. Så samla songarane seg i Jerusalem. Dei kom frå området kring byen, frå landsbyane åt Netofa-sønene,

29. frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet. For songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem.

30. Då prestane og levittane hadde reinsa seg sjølve og så hadde reinsa folket, portane og muren,

31. lét eg stormennene i Judea stiga opp på muren. Så stelte eg opp to store lovsongskor. Det eine gjekk til høgre nedover muren mot Oskeporten.

Nehemja 12