Nehemja 11:17-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.

18. I alt var det 184 levittar i den heilage byen.

19. Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.

20. Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.

21. Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.

22. Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.

23. For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.

Nehemja 11