1. Soga åt Nehemja, son til Hakalja:I det tjuande året, i kislev månad, medan eg var i Susa-borga,
2. kom Hanani, ein av frendane mine, og nokre andre menn frå Juda. Eg spurde dei då korleis det stod til med dei jødane som hadde vore i fangenskap, men no var heimkomne, og korleis det stod til i Jerusalem.
3. Dei svara: «Dei som slapp ut or fangenskapet, og som no bur der i landet, lever i stor naud og vanære. Muren kring Jerusalem er nedriven, og portane er brende.»
4. Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg syrgde i fleire dagar og fasta og bad til Gud i himmelen.